Haustsesongens fyrste tap for G11
Torsdag kveld reiste vi til Husnes for å møte eit godt Trio 2 lag. Heime vann vi heile 10-3 mot triogutane, men vi visste at vi kom til å få god motstand på Husnes.
Triogutane er samansatt av dei beste på G10 laget og er godt samspelt og flinke gutar. Kampen starta med eit høgt press frå heimelaget og etter ca 10 minutt spel stod det 1-0 til Trio. Rosendalsgutane var til no ikkje heilt på nett, men kom seg betrakteleg utover i omgongen.
Etter ca 15. minutt utlikna vi til 1-1, og gjekk vidare opp til 2-1 leiing like etterpå. Trio ville ikkje ligga under til pause og dei utlikna til 2-2 rett før pause.
Andre omgong bølga fram og tilbake, mykje bra spel frå begge lag. Trio la på til 3-2, medan vi skaut i stolpen eitpar gongar. Vi hadde sjansane og pressa bra på, men det var Trio som hadde dagen framføre mål denne gongen. Dei auka leiinga til 4 og så 5-2. Kampen var køyrd, men rosendalsgutane gav ikkje opp og reduserte på slutten til 5-3.
Alt i alt ein god kamp frå begge lag. To spelande lag og god tone under heile kampen. Neste kamp er mot Herøysund på mandag i Herøysund.
Desse var med:
Ola Hunstad, Torbjørn Haugland Nes, Erik Hjelmeland, Lars Bondhus Bjordal, Sindre Mathias Jegteberg, Jonatan Eskeland (1), Tord Guddal (1), Torstein Kristiansen Olsen, Sebastian Tufta Kirknes (1) og Marcus Hylland Såtendal.