Heider til Arvid på Norway Cup

«Finne eg ei skjorta med to brystlommer så kjøpe eg den med eingong», sa Arviden eingong. Han brukar som kjend notisbok for å halde kontroll på rosendalsfotballen, og på Norway Cup har det vore liten plass i den eine skjortelomma.


Dette ville Norway Cup-gjengen gjere noko med. Dei gjekk i saman og kjøpte ny skjorte med to lommer til han, i tillegg fekk han samenleggbar stol og ein haug med gule notisbøker. Gjengen vart samla i matsalen der overleveringa skulle skje (sjå bilete). Så no har Arviden plass til fleire notisbøker, samt han kan kvila seg litt mellom kampane på Ekeberg i stolen sin! Arvid satte stor pris på gåva, og den er han vel unt!