Heimetap med mykje liv på tribunen

Topplaget Valestrand/Hjellvik vitja stadion på laurdag. Dei hadde som vanleg med seg ein stor supporter delegasjon som stod for eit rørande liv på tribunen. Rosendal gjekk i leiing med 1-0 etter ein flott scoring av Kjetil Helvik.


Etter dette ramla det litt saman for heimelaget og bortelaget kunne går til pause med 2-1 leiing. Andre omgang vart ikkje noko betre og topplaget kunne reise heim att med 4-1 siger. Loddefjord tapte overraskande 8-2 heime mot Laksevåg, dermed er det Valestrand/Hjellevik som er i førarsete i divisjonen før siste kamp. Siste kampen deira er då mot nettopp Loddefjord så det vert ein rein seriefinale.

Video frå kampen inkludert Kjetil sitt stjernetreff finn du her

Fullt kampreferat finn du her på VH-Fk sine sider