Heimetap mot Rubbestadnes

Jenter 13/14 tapte i kveld 1-4 mot eit sterkt jentelag frå Rubbestadnes. Stillinga ved pause var 1-1.

Iherdig innsats til tross så klarte vi ikkje å ta poeng heime mot Rubbestadnes i kveld. Sjølv om vi gjekk opp i leiing ved Ingeborg er det fortent at Rubbestadnes vinn kampen til slutt. Her vart vi bokstavleg eit nummer for små, mange av oss. Vi er sårbare når einskilde spelarar er forhindra å vera med.

Jentene skal ha skryt for god innsats gjennom heile kampen, og igjen viste Thea at ho er eit keepertalent av dei sjeldane. Ho får fortenr skryt frå motstandarlaga i kamp etter kamp.

No er det tre kampar att av sesongen, og med full uttelling er det store sjansar for bronse. Det er viktig at vi står på.
Neste kamp går borte mot Fitjar førstkommande sundag.

Frode.