Helene Hus Hansen til elitecup på Hamar

Helga 7.-9. oktober er Helene Hus Hansen teke ut til å spele for kretslaget til Hordaland på Elitecup på Hamar.

Ho vart utteken til kretslaget hausten 2021, og har trent og spelt med dei gjennom vinteren. No i haust deltok ho og på samling for kretslag på Nærbø.

Vegen til å bli god keeper starta tidleg og deltaking på keeperskule i regi av Bergen keeperskule ein laurdag i Rosendal. Her lærte Helene å bli trygg i rolla. I ein periode med smerter i hælen, stod ho meir og meir i mål, samtidig som ho viste at ho og er god utpå banen. Ho var ein av dei som både scora og redda flest mål haustsesongen 2021.

Samtidig med uttak til kretslag hausten 2021, satsa Rosendal Turnlag på keepertrening og engasjerte Rune Moe, og Coachyou. Det å få trene saman med andre keepera i kommunen, få tilrettelagt opplegg og støtte til dette, har vore avgjerande.

Helene spelar no fast på Jente 15, både som utespelar og keeper, men denne helga heiar vi på Helene og Hordaland i elitecup på Hamar.

Vi ynskjer lukka til 🙂

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

12 + 7 =

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.