Herrelaget med god gjennomkøyring

Herrelaget var igår i Tyssedal og spelte treningskamp mot Harding. Rosendal leia 2-0 heilt til i det 86. minutt. Då slapp dei inn to mål, som kan reknast for keepertabbar. Laget hadde god kontroll defensivt og hadde sjansar til fleire mål.


Laget melder om ein god gjennomkøyring der alle 16 spelarane som var med fekk prøva seg. Yngve og Johannes skora eit kvar sitt mål. Spelarane tykkjer det er godt å komma i gong og endeleg ha «grønt gras» under beina. Vi ynskjer dei lukka til i Bergen neste helg!