Herrelaget med storsiger på bortebane
Herrelaget reiste igår til bergenskanten for å møte Søre Neset, som før kampen låg 2 poeng føre Rosendal. Rosendal fekk ein tidleg scoring mot seg, og låg under 1-0 allereie etter 1 minutt.
Rosendal lot ikkje dette spela store rolla og allereie etter 5 minutt var Frode Havnerås frampå og utlikna til 1-1. 5 minutt seinare la Tommy Røssland på til 2-1, før Frode igjen putta etter 25 spelte minutt. Dermed gjekk Rosendal til pause med 3-1 leiing. Ein av Søre Neset sine midtbanespelarar fekk sitt andre gule kort like før pause og laget vart redusert til ti mann.
Etter pause kom Tommy aleine med målvakta til Søre-Neset, målvakta brukte ufine metodar for å stoppa angriparen og felte Tommy som siste mann. Dermed var det klart for å dele ut det andre raude kortet til heimelaget.
Då var kampen i realiteten køyrd og Eirik Musland putta to kjappe mål i det 64. minutt. Suttresultatet vart då heile 5-1 til Rosendal. Rosendal klatra med dette forbi Søre Neset og ligg no som nr. 3 i pulja.
Fyrstkommande sundag er det klart for heimekamp mot Vadmyra 2. Kampen startar klokka 16:00 og klokka 18:00 er det damelaget sin tur heime mot Odda. Så då er det bare å møta opp og få med seg 4 timar med god fotballunderhaldning!
PS! Kampen til Rosendal vart «live oppdatert» via Twitter. Dette er noko dei vil fortsetje med på bortekampane. Lenke til sida finn du her: http://twitter.com/#!/ljmyklebust
Lenka vert og lagt inn under A-laget si side her på rosendal-turnlag.no så då veit du kor du skal gå neste gong Rosendal spelar bortekamp.