Herrelaget tapte 3-1 mot Ny-Kronborg

Rosendal møtte i ettermiddag Ny-Kronborg på heimebane. Ny-Kronborg kom til Rosendal med tre poeng meir enn heimelaget, med andre ord skulle det vera duka for ein jamn kamp. Det vart det og i fyrste omgang. Begge lag hadde sine halvsjansar, men den største kom etter 20. minutt. Då vart Johannes Hjelmeland spelt fri av Frode Havnerås. Johannes kom litt skrått på mål, satte skotet forbi målvakta, men i stolpen og ut.


14 minutt seinare fekk  Johannes sjansen igjen frå omtrent same posisjon, denne gongen gjorde han alt korrekt og satte ballen kontant i nota. Etter scoringa var det bortelaget som stod for sjansane, men ein god Frank Mehl holdt nullen til pause.

Andre omgang var så vidt starta då bortelaget kom på visitt i rosendalsforsvaret. Etter nokre dårlege klareringar hamna ballen bak Mehl og Ny-Kronborg utliknar til 1-1. Bortelaget tok meir og meir over spelet utover omgangen, men fekk eit løft då Trond Inge Haugland fekk sin deby i midtforsvaret. Likevel var det klart for ny scoring for bortelaget i det 78. minutt. Ein Ny-Kronborgspelar får ligga heilt umarkert på corner og heddar ballen i mål. Heimelaget greier ikkje å lage fleire mål, nærast var Kristoffer Rød i det 86. minutt, men skotet vert så vidt redda av målvakta. Punktum for kampen vart satt i det 88. minutt. Ny-Kronborg får frispark omtrent på 16. meteren, skotet går over muren og i mål. Dermed enda kampen 3-1 til Ny-Kronborg.

Lagoppstilling:
Frank Mehl, Jan Evald Såtendal, Anders Nilsen, Kjetil Helvik, Espen Åkra (Trond Inge Haugland 61. min.), Yngve Enes, Sindre Iversen (Svein Are Furdal) 67. min), Sindre Omvik (Jarle Vevik 79. min.), Trond Hellingsrud (Morten Leganger  55.min., Kristoffer Rød 73. min), Johannes jelmeland og Frode Havnerås.

Innbytarar:
Morten Leganger, Jarle Vevik, Svein Are Furdal, Kristoffer Rød, Tom Enes, Kjetil Rangsæter og Trond Inge Haugland.

Mål:
34. min. 1-0 Johannes Hjelmeland
47. min. 1-1
78. min. 1-2
88. min. 1-3

Gult kort: Anders Nilsen