Hjartestartar nummer to på plass

Då er den andre hjartestartaren til Rosendal Turnlag på plass. Sparebank 1 Stiftinga står bak finansieringa, medan Hjartevakten sto for leveringa. I tillegg til hjartestartar vart det og kroner att til å kjøpe to nye bårer.


Overlevering av hjartestartar og to bårer, f.v. Willy Kalsås, Arvid Nes, Gunnar Våge og Sigurd Brattetveit frå Hjertevakten. Foto: Håvard Sætrevik, Grenda.

Hjartestartaren vert plassert i varmeskåp ute på kioskveggen. Der vil den vera tilgjengeleg 24/7 og ein vonar den får henga i fred slik at den er klar til bruk om uhellet skulle vera ute.

Rosendal Turnlag takkar Sparebank1 Stiftinga for pengegåva som kunne realisera både hjartestartar og bårer. Til info vil den «gamle» hjartestartaren framleis henge i gangen ved gymsalen.