Hjertestartarkurs

Som dei fleste er klar over har Rosendal Turnlag skaffa seg ein hjertestartar til bruk ved naudsituasjonar. Det at få er i stand til å bruka hjertestartaren er urovekkande og heile poenget med ein slik innretning mistar mykje verdi. Men frykt ikkje, Sigurd Brattetveit kjem til Rosendal måndag 11. februar. Han vil halde eit praktisk kurs der han vil instruere i bruken av hjertestartaren.


Merk at dette er eit obligatorisk kurs som angår alle trenarar og lagleiarar i Rosendal Turnalg uavhengig av kva felt du har med å gjera. Kursa vil ta plass i gymnastikksalen.

Grunna dårleg plass må vi ta det i to økter. Det er 20 plassar på kvar økt. Første økt blir kl. 18.00 – 19.00 og andre økt blir 19.00 – 20.00

Føler du deg truffen er det viktig at du tar detta seriøst og gjev beskjed til Johannes Guddal for påmelding.

Mobil Johannes Guddal – 476 24 595