Hugs å betala for Fjelltrimmen før 2. november!

Har du lyst å vera med i trekkinga av gåvekort og koma med i fjelltrimstatistikken? Då må du hugsa å betala.

Som kjent kan folk i år enten kjøpa klippekort eller nytta seg av appen Postkassetrimmen når dei skal gå Fjelltrimmen, eller 5-fjellsturen som det òg vert kalla.

Postkassetrimmen er det mange som har meldt seg inn i, men ein del av desse har ikkje betalt. Så viss du har vitja alle fem toppane, og har lyst å koma med i den offisielle statistikken, må du overføra 50 kroner per person til Rosendal Turnlag turgruppa innan 2. november 2022. Då er du også med i trekkinga av tre gåvekort på 1.000 kroner hjå Sport1 Rosendal!

Betaling kan enten skje ved å nytta Vipps 127 806, eller overføring til konto 3460.07.56151. Skriv inn namnet på den innbetaling gjeld.

Dei som har brukt klippekort, må levera det inn før 2. november.

 

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.