HUSK!!!! Rosendal Turnlag inviterar til føredrag om kosthald og restitusjon

Føredraget «Spis smart» tek føre seg kosthald og restitusjon tilpassa unge idrettsutøvarar, og rettar seg mot både jenter og gutar, i aldersgruppa 13-18 år.
Dei siste åra har det vert eit auka medvit og fokus på kosthald og restitusjon i idretten. Mange unge idrettsutøvarar er oppteken av eit «korrekt» kosthald, men vert forvirra av all informasjon dei får gjennom media og andre.


Vi samarbeidar tett med Olympiatoppen si ernæringsavdeling og formidlar relevant informasjon tilpassa målgrupp unge idrettsutøvarar.

Feredraget er gratis og rettar seg mot utøvarar, trenarar og føresette.

Tid: Laurdag 14.04.2012 Kl. 14.00
Stad: Malmanger Skule, amfiet
.