Husnes Cup 2011

Påmeldingsfrist til årets Husnes Cup (19.-21.august) er gått ut, men det er framleis ledige plassar for lokale lag. Merk at nytt av året er at alle lag frå Kvinnherad slepp å betale lagspåmelding (450 kr). Auken som er gjort i pris på deltakarkort gjeld heller ikkje C-kortet (som er utan mat og overnatting), det er framleis på 250 kr pr spelar.
I dette inngår cupdeltaking med lagfoto og premie, grilling fredag, diskotek laurdag mm.


Oppmodar dykk difor om å vurdere å melde på dei aktuelle laga dykkar.
Klassane vi har er:
G12 (1999) 7ar
G11 (2000) 7ar
J11-12 (1999-00) 7ar (samlar etter beste evne J11-lag i eiga pulje)
G10 (2001) 5ar. (Spreke 2002-lag kan sjølvsagt vurdere å melde seg på i
G10-klassen)
 
Sjølv om fristen er gått ut, kan vi altså framleis ta inn ein del lokale, heilt fram til 20.juni. Men det er først til mølla, så eg set pris på om de er raskt ute 🙂

Mvh,
Are Ulseth
IL Trio