Husnes Cup 2013

Helga 16.-18.august arrangerer Trio vår årlege Husnes Cup, med om lag 50 lag frå fjern og nær (Hordaland og Rogaland) i klassane G12, G11, G10 og J11-12. Her kan det vera lurt å melde seg på før det blir fullt.


Dei eldste klassane er 7arfotball, men klasse 3 (G10) er 5ar. For dei som evt har to lag, blir det lagt til rette så dei ikkje spelar samstundes. Utgangspunktet er 3 kampar laurdag og 2 søndag.

NB! Lag frå Kvinnherad treng ikkje betale lagspåmelding, men kjøper deltakarkort (C-kort), 250 kr pr spelar. Antal kort er det råd å justere fram til cupen startar, men vil gjerne ha eit ca antal før ferien. Trenarar treng ikkje deltakarkort. Inkludert i kortet er grilling fredag kveld og diskotek laurdag kveld, men ikkje overnatting og måltider. (MEN: Middag laurdag vil vera inkludert, må dog bestillast 1 veke før cup.)

Meir info her: http://www.il-trio.no/no/sider/Husnes_Cup_2013/

Mvh,
Are Ulseth
IL Trio