Husnes Cup 2013 – Vi ønskjer fleire lokale lag med!

IL Trio inviterer til Husnes Cup, ein cup for gutar og jenter i alderen 10-12 år. Turneringa blir arrangert for 13. år på rad og går av stabelen 16.-18.august. I tillegg til 11-12-årsklassane (7ar) er det ein G10-klasse (5arfotball). 


Det er tilnærma fullbooka med tilreisande lag som skal overnatte, men vi har framleis plass til fleire lokale lag.

Det normale er at ein spelar 3 kampar laurdag og 2 kampar søndag, men om ein ønskjer å delta som ei dagsturnering, kan vi også legge til rette med 4 kampar på ein dag for einskilde lag. 

Husnes Cup tek mål av seg til å vera eit alternativ til dei store cupane. Vi reknar at om lag 50 lag er høveleg tal for at alle skal trivast. Vi har hausta ros for at alle aktivitetane, kampane, overnatting, matservering og sosiale tiltak er samla innafor eit trafikksikkert område.   Vi satsar på kvalitet og intimitet og prøver å gjera vårt beste for at spelarar og leiarar skal få ei god fotballoppleving på Husnes.

Tilbakemeldingane tidlegare år har vore udelt positive.   Klassar: Klasse 1 G12 (2001) Klasse 2 G11 (2002) Klasse 3 G10 (2003, 5ar) Klasse 4 J11-12 NB!

Det er godt med påmeldingar i jenteklassen så det blir eigne puljer for J11 og J12.

For informasjon om cupen, påmelding og kontaktinformasjon, sjå linken til vår nettside: http://www.il-trio.no/no/sider/Husnes_Cup_2013/

Kontaktperson IL Trio: Are Ulseth, 
Tlf 99 24 00 87 
post@il-trio.no