Idrettsskulen startar opp att

Idrettsskulen startar opp att torsdag 12. april kl.18.00. Tilbodet er retta mot jenter og gutar 1. – 4. klasse. Oppmøte i gymsalen.


 

 Idrettsskulen har som mål at deltakarane skal få prøve seg i dei fleste idrettsgreiner. Det meste skjer som ein kombinasjon av idrett og leik.

Det vert lagt vekt på aktivitet som er motorisk utviklande og idrettsleg stimulerande.

Idrettsskulen vil halde fram kvar torsdag mellom 18.00 og 19.30 fram til skuleferien.

Kontaktpersonar for Idrettsskulen er Ingrid Guddal (97558404) og Sigurd Naterstad (90401199)

Vi ynskjer ungar og foreldre vel møtt!!