IL Trott inviterer til cup

Den populære Spar Haga jente turnering er i år utvida til også å inkludera gutar i 11 og 12 års alderen. Det vil bli ein rein 7er turnering med følgande klassar.
-Småjenter 11 år – LJ11 
-Smågutter 11 år – LG11
-Småjenter 12 år – LJ12
-Småguter 12 år – LG12


Alle lag får minimum 4 kampar kvar. Me prøve å legga opp slik at lag som kjem langveis fra ikkje spelar kampar tidleg på laurdagen. Kampane blir 2 x 13 minutt med 2 minutt pause. Alle spelarar får T-skjorte.

Me har kapasitet til 45 lag frå heile Sunnhordaland, Rogaland, Voss og Bergensområdet. Kampar vil bli spelt på laurdag 11. sept. kl 10 til 18 og sundag 12. sept. kl 09 til 16.

Utanom kampane prøve me å leggja opp til ei fin sosial ramma for både bord, trenarar og foreldre.

På laurdag vil me ha konsert med det populære bandet Bastard, og avsluttas med diskotek for borna. Grilling ute om været tillet det.

Priser: Lagsavgift 350 kr pr lag. Konsert/diskotek kr 50, Overnatting kr. 100 pr person.

Konsert og diskotek er frivillig. Overnatting bestille dåke som treng det under produkter, dette gjeld både voksne og born.

Betalingsfrist er satt til 07. august Husk å merke betalinga med lag .
Kontonummer: 3520.07.19237.
Påmelding er ikkje endeleg før betaling er utført.

Dei som melder seg på vil få ein egen link der ein kan føre på spelarar og bestille overnatting.

Velkommen til ei minnerik helg i Prestegardsskogen idrettspark på Stord i haust.

Påmeldingslink for Rosendal Turnlag: http://www.kxweb.no/portal/public/tournamentClubAdmin.do?siteId=41&key=118127283923322540