Info Fotballskule
No skal alt vera klart til 3 dagars fotballskule. Dei som meldte seg på før 14.juni har fått plass, dei som har fått beskjed etter 14.juni er også klare. Det er kjekt å sjå at interessa for å vera med er så stor.
Frammøte før kl.09:00 onsdag, torsdag og fredag i gymsalen, på nedsida av Samfunnshuset. Der blir ein registert og får utlevert Tinepakken + ball. Alle blir delt inn i grupper på 8 stk etter alder og kjønn. Det er ca. 60 gutar og 40 jenter som er påmelde. Fotballskulen varer til kl.14:00 kvar dag. Det blir to fruktmåltider, eitt brødmåltid, så det ska bli nok mat.
F.K.Haugesund kjem på besøk, dei kjem tysdag og er her fram til laurdag. Dei vil trena på grasbanen i perioden, og vera litt med på fotballskulen.
Det er meldt bra vêr, så alt ligg til rette for flotte dagar. Dei som kjem med ferje til Løfallstrand kl.08:55, kan følja minibuss som er satt opp for henting. Retur etter slutt på dagen med ferja som går kl.14:40 fra Løfallstrand.
PS. Alle instruktørar må møte før kl.08:30 kvar dag.
Alle er hjarteleg velkomne!
Helsing Rosendal T.L. fotball
Lurer du på noko, ring Arvid på 48 22 80 26.