Informasjon

Rosendal Turnlag

Rosendal Turnlag vart stifta i generalforsamling sundag 30. juni 1901. Om stiftarane kunne opplevd kva laget deira har utretta i bygdesamfunnet gjennom 100 år, så ville dei nok vore stolte og glade.Paragraf 1 i lovene, føremålsparagrafen, lyder slik: ”Lagets formaal er ved al slag idræt at utvikle og styrke legemet”. Og det er nett det som har skjedd; Rosendal Turnlag har utvida med nye idrettsaktivitetar i takt med tida. Dagens ungdom treng mykje meir fysisk aktivitet enn for 100 år sidan. Då hadde dei aller fleste fysisk arbeid i frisk luft, og leksikon seier at det berre var 5 bilar og motorsyklar i Norge i 1901.

Stiftarane ville nok gledd seg over at idrettslaget sitt arbeid er blitt ein viktig sosial faktor gjennom eit stort engasjement for born og unge, og ved å tilretteleggja for eit godt liv for vaksen og eldre gjennom trimaktivitetar.

Pionerarbeidet dei gjorde då turnhallen vart bygd så tidleg som i 1904 har hatt mykje å seia for det blømande lagslivet i bygdene her. Og dei økonomiske verdiane som vart skapt gjennom 60 års forretningsdrift i turnhallen var avgjerande for turnlaget si store deltaking i arbeidet med samfunnshusa og idrettsplassane.

Soga om Rosendal Turnlag finn du rikt illustrert i jubileumsboka ”Med kropp og sjel”.