Informasjon 2011
Jenter 13/14 med føresette
Litt informasjon om sesongen i år.
Treningar:
Vi har treningstider tysdag og torsdag 17:30.
I år er det til saman 18 jenter på trening, men diverre ikkje alle samtidig. Vi ligg i snitt på 10 jenter på kvar trening, noko som er i minste laget for å få trent på kampsituasjonar. Som trenar/lagleiar nyttar eg mykje av fritida mi til trening, reiser og planlegging. Eit minstekrav er då at ein møter på trening og kamp så lenge ein ikkje har naturleg forfall. Om ikkje frammøte på treningane vert betre må vi vurdere å gå over til 7’ar fotball i staden for 11’ar. Dette vil medføre mindre spilletid for jentene.
Kampar:
Vi kjem til å nytte minibuss til alle bortekampar utanom mot Trio. Om det er nokon som har sertifikat for minibuss og kan køyre denne på einskilde bortekampar så gje beskjed. Eigendel på minibuss er kr. 150,-. Eg kjem til å sende ut SMS til samtlege spelarar før kampar for å høyre kven som kan vera med eller ikkje. Det er då viktig at alle gjer tilbakemelding slik at eg slepp å purra.
Norway Cup:
Vi ønskjer å reisa til Norway Cup i år med eit 7’ar lag. Dvs. at vi bør har minimum 10-11 jenter som vil vera med. Cupen vert i år arrangert frå 31. juli til 6. august.
Føresatte er invitert til informasjonsmøte om Norway Cup på fotballrommet i Samfunnshuset, torsdag 14. april kl. 19:30.
Diverse
Eg nyttar stort sett SMS eller epost for å informera. Om det er føresette som er interessert i å få tilsendt informasjon samtidig med jentene, så send meg nummer til mobil eller epost-adresse.
Om nokon har tid til å hjelpe til med trening, kamp eller organisering set eg pris på det.
Ta kontakt om det er noko de lure på.
Med helsing
Frode
Tlf: 417 63 955
Epost: frode@alfarnes.no