Informasjon angåande miniturneringa i morgon
Litt praktiske opplysningar anngåande turneringa på Halsnøy. Arrangørane ber
foreldre parkere ved samfunnshuset eller inne på området til Øyatun skule under cupen i morgon.
Etter at laga er ferdig med sine kampar, samlar trenaren alle spelarane utanfor bua, der dei vil motta premie i form av drikkeflaske.
På grunn av ein del nedbør i det siste og meldingane for i morgon, ber me foreldre stå langs løpebanen når dei ser på kamp. Me har diverre ingen kunstgrasbane som tåler all slags vêr.
Trenera og spelera kan stå inne på banen, mellom banane. Då får dåke fred og!
Butikkstanden vil nok setja pris på om spelarane ikkje går inn med skitne fotballsko. Fint om de kan informere laget dykkar.
Det er meldt noko dårleg vêr, men me får bare gjera det beste ut av det. Me er jo tross alt Vestlendingar!
Mvh
Verner Fjelland