Informasjon om minicup i Rosendal 13. juni
MERKNAD: DET ER GJORT STORE ENDRINGAR I PLANEN I FORHOLD TIL VERSJON 1. Rosendal Turnlag arrangerer miniturnering i Rosendal mandag 2. pinsedag 13. juni 2011. Totalt vert det nytta 6 banar, 4 av dei på kunstgraset, og 2 på grasbanen. Første kamp starter kl. 11.00, og dei siste kampane er avslutta til kl. 16.00.
» Kampprogram versjon 2
5 spelarar inkl. målvakt på kvart lag.
Kvar kamp varer i 2 x 10 min utan pause.
Alle lag har minimum 25 minutt mellom kvar kamp.
I turneringa deltek jentar fødde frå og med 2001 til og med 2004 og gutar fødde fom. 2002 tom. 2005. Totalt er det påmeldt 42 lag frå heile Kvinnherad, 13 jentelag, 19 gutelag og 10 mix-lag. Alle lag spelar 3 kampar. Til saman skal det spelast 63 kampar denne turneringsdagen.
Det er open kiosk på stadion under heile turneringa.
Viktig:
Navneliste over spelarar pr lag på fastsatt skjema skal leverast til sekretæriatet før laget sin første kamp. Kan også sendast på E-post til Arvid Nes (arv-ne@online.no) seinest laurdag 11. juni. Etter siste kamp møtar laget ved sekretæriatet for utdeling av pokal og diplom.
Kontaktperson:
Arvid Nes, tlf 48 22 80 26
Spørsmål om kampoppsettet kan og rettast til:
Per Inge Olsen, tlf 99 51 25 69