Informasjon om Norway Cup
Her er litt samla informasjon rundt Norway Cup turen. Er noko uklart så ta kontakt med trenar eller lagleiar.
Informasjon frå Rosendal Turnlag om buss, overnatting, mat, utstyr, reglar, kontaktpersonar etc finn dåke i skrivet «Info Norway Cup».
NB! Pengar for buss må betalast innen 20 juli ihht info i skrivet.
Buss til Oslo går 25/8 om morgonen, frå Husnes klokka 08:00, Uskedal 08:30, og Rosendal klokka 09:00. Heimreise kjem litt an på korleis det går med laga i turneringa, men dei siste arå har bussane gått heim fredagen.
Siste reviderte kampoppsett for Rosendal sine lag, samt informasjon om banar og kollektivtransport finn du under teksten, i tilfelle føresette har tenkt seg til Oslo for å sjå kampar.
Telefonnummer til alle vaksne som er med, ligg i skrivet frå Rosendal Turnlag.
Meir informasjon kan finnast på www.norwaycup.no, samt at vi satsar på live oppdatering av alle kampar på Rosendal Turnlag si facebook side for dei som er igjen heime.
Info Norway Cup
Banekart
Kampoppsett Norway Cup Revidert 220715
Kollektivtransporten_Norway-Cup_hefte_2015
Norway Cup meny