Informasjon om sonesamlinga i Rosendal
No nærmar det seg sonesamling I Rosendal. Det har kome litt snø, men ikkje meir enn at det er gode speleforhold i Rosendal ennå. Me er sjølvsagt sårbare dersom det kjem mykje snø på fredag og i helga, men me kryssar fingrane for at det går greitt. Eg skal gje beskjed så snart eg kan, dersom det vert avlysing.
Me har vore så heldige å få med oss tidlegare toppspelar, og nå spelar- og trenarutviklaren for Hordaland Fotballkrins – Magnus Johansson.
Han vil koma ned å ha ei teoriøkt med oss kl. 10.30, og deretter ei trening for gutane og ei for jentene.
Programmet for helga vi derfor sjå om lag slik ut:
Laurdag 10. mars: | ||
Frammøte | 10.00 | |
Teoriøkt | 10.30 – 11.00 | Magnus Johansson |
Treningsøkt (gutane) | 11.00 – 12.00 | Magnus Johansson |
Treningsøkt (Jentene) | 12.00 – 13.00 | Magnus Johansson |
Lunch | 13.30 | |
Teoriøkt | 14.00 – 14.30 | |
2. treningsøkt (spel) | 15.30 – 17.00 | |
Middag | 18.00 | |
Sosialt felles | 20.00 – 21.30 | |
Ro | 23.00 | |
Sundag 11. mars | ||
Frukost | 08.00 | |
3. treningsøkt | 09.00 – 10.30 | |
Lunch | 11.30 | |
4. treningsøkt (spel) | 13.00 – 14.30 | |
Heimreise | ca.15.00 |
Dette er som nemnd ei overnattingssamling og det er viktig at spelarane har med seg:
Treningsklede for 2 dagar a 2 økter, bytteklede, sovepose (el. liknande), liggeunderlag, eigen fotball, fotballsko, leggskinn, drikkeflaske og niste for laurdag fram til kl. 13. Me held mat den resterande tida.
Eigenandel kr. 250
Mvh
Erling K. Grov
Soneansvarleg
For HFK’s spelarutvikling i Sone Sunnhordland