Informasjon om TINE-fotballskule
Fotballskulen til Rosendal T.L. i 2014 er den største vi har arrangert, målt etter deltakarar. Over 130 deltakarar er påmeld. Instruktørane må vere på plass innan kl.08:30 i møtelokalet i Samfunnshuset. Deltakerne må vere på plass i gymsalen innan kl.09:00, der får dei utlevert utstyr og vert delt inn i grupper.
Fotballskulen varer frå måndag 23. juni til og med onsdag 25. juni, kl.09:00 – 14:00 kvar dag.
Keeperskulen er tysdag 24. juni og onsdag 25. juni, kl.09:00 – 14:00.
Velkomne skal alle vera, vi gledar oss!