Ingebjørg Haugland er kåra til Månadens FairPlay – person
Alle lag har nokon som aldri seier nei og som alltid stiller opp , enten du spør dei eller ikkje. Rosendal damelag er så heldig å ha ein slik person. Gratulera Ingebjørg Haugland, du er kåra til Fair Play-personen i oktober.
Skal ein spela fotball i lag med andre, er alle avhengige av å ha mål, ballar, vestar, drikka på kampar, kjegler og liknande. Og som lag må ein hjelpa kvarandre, enten det er å flytta mål, samle kjegler, rosa kvarandre…. Dette er Ingebjørg ein mester til! Ho er den som alltid joggar fyrst for å hjelpa. Ho ser oppgåvene som skal gjerast og gjer dei utan at ho blir spurt.
«Eg kan gjera det» – er ein frase som Ingebjørg ofte nyttar. I tillegg til å vera ein viktig spelar for RTL Damer, bidrar ho og på andre lag når det trengs.
Ho er ein veldig god dommar som set Fair Play i høgsetet når ho dømmer kampar mellom dei minste laga. Ho stoppar opp, viser dei korleis dei skal kasta, viser omsorg om nokon er skada og er tøff nok til å gje beskjed til sidelinja om temperaturen eller oppførsel ikkje er som den skal vera. I tillegg er Ingebjørg ein sentral person i ski-miljøet i Uskedalen og hjelper til der og om det trengs.