Innkalling til lagleiarmøter
Hordaland Fotballkrets skal også i år ha informasjonsmøter for alle lagleiarar/trenarar i forkant av seriestart. Vedlagt finn de innkalling til desse møta, med eit oppsett for når møta vert avvikla i dei ulike sonene i kretsen.
Ver merksam på at vi i år først har eit møte for alle lagleiarar/trenarar i barnefotballen – etterpå samlar vi lagleiarar/trenarar i ungdoms- og voksenfotballen.
NB! Alle lag som er påmeldt til sesongen 2009, må vera representert med minst 1 person på møtet.
Vel møtt!
Med vennlig hilsen
Hordaland Fotballkretsv/ Torstein Pedersen