Innkalling til sonesamling

No er det første soneuttaket klart. På dei to første samlingane kjem me ikkje til å sortera ut nokon, slik at spelarane kan senka skuldrene, då alle får vere med på neste samling. Det er først etter 2. samling me sorterer ut dei 12 i kvar klasse som vert med vidare til dei to siste samlingane.


I dette vedlegget ligg listene over dei som er teken ut, samt ei innkalling og program for samlinga.

NB! Det er viktig at eg får beskjed så tidleg som mulig dersom det er spelarar som ikkje kan møta.

Eg ber om at de som er kontaktpersonar formidlar dette vidare til dei aktuelle spelarane og evt. til støtteapparat som ikkje er på mailinglista (gjeld spesielt Stord).

Ta kontakt på tlf 415 08 615 dersom det er noko de lurer på.

Mvh

Erling K. Grov
Soneansvarleg
For HFK's spelarutvikling i Sone Sunnhordland