Innsamling av sportsutstyr
Frå Linda Lillesletten i Flyktningetenesta er det kome førespurnad om sportsutstyr til flyktningar, som det er kome fleire av til Kvinnherad den siste tida. Mange av dei har dårleg råd og det vil vere dyrt for dei å kjøpe nytt i tillegg til kontigent og årsavgift i idrettslaga. Så dersom nokon har utstyr som er blitt for lite, eller ikkje er i bruk kan de ta kontakt med Linda på tlf. 53 48 27 29/ 91 66 70 64. Dei treng utstyr i alle storleikar.