Innsamlingsaksjon til minne om Sjur

Sjur Langesæter døydde 10. august i år, knapt to veker etter at han fylte 60 år. Då vi i vår fekk vita at han vart blitt sjuk med kreft i bukspyttkjertelen, kryssa vi fingrane for at Sjur kom til å bli frisk att, sjølv om vi forstod at det var ein svært alvorleg diagnose. Men vi vona at den kjernesunne Sjur, den fysisk og psykisk sterke Sjur, den reisevande piloten Sjur, hadde ein sjanse til å slå prognosane.

Tragisk nok viste det seg at kreften ikkje let seg stansa. Ifølgje Kreftforeningen har bukspyttkjertelkreft få og diffuse symptom, noko som diverre fører til at sjukdomen ofte blir oppdaga seint. I slike tilfelle er overlevingsprognosen berre 10 prosent.

Fyrst og fremst er Sjur sin bortgang eit stort tap for familien hans, og vi vil med dette uttrykkja vår djupaste medkjensle til kona Laila, barn og barnebarn, foreldra Marita og Knut, og syskena. Men også bygda og Rosendal Turnlag (RT) har mista ein stor kapasitet. For ganske umiddelbart etter at Sjur og Laila etablerte seg i Rosendal våren 2017, sette dei sitt sterke preg på omgjevnadane.
Sjur engasjerte seg i idretten, og vart straks ein av pådrivarane i skigruppa til Rosendal Turnlag, både som leiar, trenar og organisator. Ikkje minst var han sentral i prosessen med å utvikla eit tettare samarbeid mellom skiløparane i Rosendal, Omvikdalen og nabobygdene, noko han hausta velfortent ros for.

I tillegg kom han med i styrearbeidet i hovudlaget til RT.

Sjur var berre i starten av sitt virke i RT, og med hans altfor tidlege bortgang har det lokale idrettsmiljøet lidd eit betydleg tap. I yrket som flykaptein i SAS vart Sjur karakterisert som ein trygg og god sjef, som hadde ein naturleg autoritet som kollegaene verdsette høgt. Dette var også beskrivande for hans rolle i RT. I tillegg hadde han ein fagleg ballast innan langrenn, trening og kosthald som var gull verdt.

Sjur ynskte ikkje blomar til gravferda, men oppmoda heller folk om å gje ei gåve til kampen mot bukspyttkjertelkreft (pancreas-kreft). Samstundes som alle oss i Rosendal Turnlag lyser fred over Sjur sitt minne, ynskjer vi å heidra dette minnet ved å starta ein innsamlingsaksjon i hans ånd. Familien er informert om og har godkjent planane.

Formelt vil innsamlinga skje gjennom Kreftforeningen, og målet er å reisa 100.000 kroner. Styret i RT har vedteke å starta kronerullinga med å løyva 5.000 kroner.

Alle som vil minnast Sjur Langesæter på denne måten er velkomne til å gå inn og setja inn eit valfritt beløp på denne lenkja https://innsamling.kreftforeningen.no/14578.

Vi takkar audmjukt for alle bidrag.

Rosendal Turnlag

1 Response

  1. Brit Myhre sier:

    Audmjuk takk for den flotte kollegaen du var,Sjur?✈️❣️ Veit både du og Laila hadde stort ❤️ for Rosendal og alle rundt dokke ? RIP godaste Sjur ❤️?

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.