Innsats, tenning og spenning = sesongens beste kamp
Tysdag kveld var det duka for vårsesongens siste kamp for G14. Stord 2 kom på besøk, opprinneleg eit sjuar lag, men kom med 15 mann i kveld, inkludert ein fire-fem 1. divisjonsspelarar. Dermed vart det ein knakande god 11’ar kamp på rosendalskunsten i kveld.
Med oss på laget hadde vi William Svendsen og Øyvind Næs begge G12 spelarar, og Tord Årseth Guddal og Jeppe Søllesvik som begge er G13 spelarar. Det viste seg nok eingong at dei alle held eit godt G14 nivå.
Kristoffer Tangstad satte standarden på måndagstreninga for innsatsen vi skulle ha i denne kampen. Han gjev aldri opp om han mistar ballen, han kjempar på til stor frustrasjon for motstandaren. Denne innsatsen greide samtlege på banen å kopiera i kveldens spanande kamp.
Vi opnar godt, jobbar dom eit lag og etter berre fem minuttar dømmer ein god dommar, Erlend Freheim, straffe til Rosendal. Straffen ekspederte Sander Myklebust kontrollert i mål. Nokre få minutt seinare utliknar Stord på så og seia sin einast sjanse i heile fyrste omgong. Gutane våre spelar godt, vinn duellar og kjem til sjansar. Etter eit innlegg frå høgre ligg Kristoffer Tangstad på bakre stolpe og klemmer til med venstra. Målvakta er borti ballen, men maktar ikkje å slå ballen ut, dermed går vi opp i 2-1 leiing.
Omlag 30 minutt er spelt då vi rullar opp eit godt angrep gjennom midtbanen. Sander får ballen på venstrefoten og knallar ballen i nettaket på halv volley. Dermed går vi til pause med ei vel fortent 3-1 leiing.
Pausen nytta vi til sjølvskryt og planlegging av resterande minuttar. Ingen var i tvil, her skulle det fortsatt leggjast ned mykje arbeid og krefter.
Som sagt så gjort, men det var likevel Stord som scora det fyrste målet i andre omgong, 3-2. Underteikna vart då redd at haka skulle sleppast ned på «kassen» og at Stord skulle overta banespelet. Det skjedde heldigvis ikkje, gutane bretta opp armane og vann duell på duell og skapte sjansar. Marcus Såtendal set kontrollert inn 4-2, før Sebastian Tufta Kirknes viser tekniske detaljar, som sjeldan tidlegare er vist på kunstgraset, og aukar til 5-2.
Så var Stord frampå ein snartur, spissen kjem aleina med målvakt, Ola Hunstad. Ola gjer som han pleier, reddar skotet meisterleg. Returen er Ola etter, men rekk den ikkje heilt, og Stord får sitt siste mål for kvelden.
Marcus set inn spikaren i kista og kampen endar med 6-3 til heimelaget. Denne kampen skal vi hugsa for innsats og mykje godt spel, og ta det med oss til Norway Cup.
Litt om innsatsen til gutane:
Ola Hunstad (målvakt): Alltid på rett plass, trygg og sikker med ballen på tilbakespela.
Lars B. Bjordal (høgre back): Oppi kroppen på motstandard og skapar store vanskar for dei å verte rettvendt
Torbjørn Næs (midtstoppar): Sterk og rask, vanskeleg å bryta seg forbi og ryddar opp.
Øystein Enes (venstre back): Gode klareringar og presise passningar opp til midtbanen.
Sander Myklebust (defensiv midtbane): Trygg med ball, slepen teknikk, godt driv og skorar 2 mål.
Jaran J. Eide (høgre kant): God med ball, kjem til linja og får lagt inn i kassen.
Tord Guddal (sentral midtbane): Jobbar over store deler av banen, mange gode avleveringar.
Torstein K. Olsen (sentral midtbane): Er tøff i duellar, spelar ballen hurtig og godt.
Kristoffer Tangstad (venstre kant): Duracell! Jobbar heile tida, kjem til gode innlegg og skorar 1 mål.
Sebastian T. Kirknes (spiss): Går på gode løp, er ofte ein trussel for forsvaret og skorar 1 mål.
Marcus H. Såtendal (spiss): Møtande, vil ha ball, er sterk i duellar og skorar 2 mål
Harald M. Lekva (spiss): Gode returløp og tek ansvar som fyrste forsvarar.
Jeppe Søllesvik (spiss): Rask i vendingane, er ofte rettvendt mot mål og truar stordforsvaret.
Øyvind Næs (høgre kant): Rask til beins, gode passningar og mange gode løp.
Tord A. Guddal (venstre back): Trygg med oppgåva, klarerar godt og bryt ballbanen ved fleire høve.
William Svendsen (høgre back): Les spelet godt, god balanse og gode passningar.
Mykje meir kunne vore sagt om desse gutane, men kan ikkje ta alt på eingong. I kveld var dei alle eneståande og dei skapte ein god slutt på ein god sesong. 3. plass i 2. divisjon er veldig bra gutar.
No ser vi fram mot Norway Cup og ser fram til samarbeid med Odda om lån av nokre spelarar. Då er vi nok til å spela 11’ar fotball også der.
Takk for god innsats gutar!
Romar
-trenar