Internasjonale toppduellar i Nuten Opp 9. august

Sundag 9. august kan publikum oppleva internasjonale idrettsstjerner på nært hald under fjelløpet NutenOpp, som i år er minneløp for Jon Tvedt. På startstreken står også i år seks gonger verdensmeister i motbakkeløp Jonathan Craig Wyatt (biletet) frå New Zealand. Han får knalltøff konkurranse av m.a. to kenyanske toppløparar.


John Sompol (21) vart i 2007 nr. 3 i Obudu Mountain Race i Nigeria, verdas rikaste motbakkeløp med pengepremiar på 1,6 millionar. Løpet samlar kvart år verdas beste motbakkeløparar. John Sompol er godt kjent med norsk fjelløping og har i år m.a. delteke i Storehesten Opp og Vetenløpet. Begge løpa resulterte i siger og forbetring av Jon Tvedt sine gamle rekordar med henholdsvis 1,44 og 2,04 minutt.

Sammy Kurui (22) er òg ein glimrande løpar, god på bane, såvel som gate- og terrengløp, og omtrent like god som John Sompol i motbakkeløp. Sammy har i år sprunge 10 000 m på 27,53 minutt.

Elles er Sunnhordland sin storløpar frå siste halvdel av 1980-talet, evigunge Oddmund Roalkvam (51), Stord IL påmeld. Han har i år delteke i fleire motbakkeløp, og teke innersvingen på mange yngre utøvarar. Terje Aggvin frå Varaldsøy, som 12. juli representerte Norge under EM i motbakkeløp i Austerrike, har òg gjeve melding om at han stiller.

I kvinneklassen deltek rekordhaldar Antonella Confortola, Italia. Ho vil m.a. møta hard konkurranse frå sterke Marit Årthun, Matre IL.

Det er også god påmelding frå lokale løparar, og vi ynskjer enno fleire velkomen.

Les meir her (kondis.no)

Og her (fjellstreif.no)