Invitasjon miniputt-turnering på Rosendal Kunstgras

Rosendal Turnlag arrangerar sundag 7. juni årets tredje miniputt-turnering. Turneringa vert spelt som 5'ar fotball i desse klassane: 2002, 2001, 2000 og jenter 1999.


Vi vil prøva å få eigne klassar for kvart årskull. Dersom det vert nok jentelag påmelde vert det eigne klassar for dei. Kvart lag får spele minimum tre kampar.

Program:

Tid: Sundag 7. juni, klokka 11:00 – 15:30

  • Stad: Rosendal Kunstgras
  • Kiosk: Sal av is, brus, vafler, utdeling av frukt, m.m.
  • Kampar: 4 kampar samtundes, 2 omgangar x 12 minuttar
  • Påmelding: Frist laurdag 30.mai
  • ynskjer samla påmelding for kvar klubb.
  • Påmelding til: arv-ne@online.no eller pr. telefon til Arvid Nes – 48 22 80 26
  • Levêr denne invitasjonen ut til alle aktuelle leiarar for minilag.
  • N.B. Alle lag må levere lagliste med navn på lag og spillere ved ankomst. Dette fordi det blir delt ut diplomer med navnet på.

Alle er hjarteleg velkomne til ein flott fotballsundag i Rosendal.