Invitasjon til Husnes Cup

IL Trio inviterer til Husnes Cup, ein cup for gutar og jenter i alderen 10-12 år. Turneringa blir arrangert for 12. år på rad og går av stabelen 17.-19. august. I tillegg til 11-12-årsklassane (7ar) er det ein G10-klasse (5arfotball).


Husnes Cup tek mål av seg til å vera eit alternativ til dei store cupane.
Vi reknar at om lag 50 lag er høveleg tal for at alle skal trivast. Vi har
hausta ros for at alle aktivitetane, kampane, overnatting, matservering og
sosiale tiltak er samla innafor eit trafikksikkert område.

Vi satsar på kvalitet og intimitet og prøver å gjera vårt beste for at
spelarar og leiarar skal få ei god fotballoppleving på Husnes.
Tilbakemeldingane tidlegare år har vore udelt positive.

For informasjon om cupen, påmelding og kontaktinformasjon, sjå linken til
vår nettside: http://www.il-trio.no/no/sider/Husnes_Cup_2012/