Invitasjon til miniputtcup for gutar 20.mai

Trio inviterer med dette til miniputtcup for GUTEKLASSEN (6-9 år) på Kvednabekkjen 2.pinsedag, måndag 20.mai. (Det skulle vera ein eigen jentecup i Rosendal, men denne er altså utsett til hausten.) Ber om samla påmelding frå kvar klubb til meg (ansvarleg i kvar klubb sjekkar at det påmeldinga stemmer), innan søndag 12.mai kl 18. Kampoppsett blir sendt ut snarast råd etter dette. Det vil ikkje vera mogleg å melde på etter dette.

Mvh
Are Ulseth 
IL Trio