Invitasjon til miniturnering i Rosendal

Søndag 10. juni er det klart for miniturnering i Rosendal. Turneringa er for alderstrinna 6-9 år gutar, og 6-10 år jenter. Fint om klubbane melder på samla. Prøv å få reine gut- og jentelag. Mix lag bør ha ei sammansetting på to gutar og tre jenter. Flott dersom laga kan sende namneliste på førehand, dersom ikkje leverer du lagliste ved ankomst.


Meld på så snart som mogleg. Siste frist for påmelding er torsdag 31. mai. Kvar klubb er ansvarleg for utdeling til aktuelle lagliarar. Send påmelding på epost til arv-ne@online.no, eller på mob. 48 22 80 26. Merk òg ansvarleg lagleiar med epost og mobil.

Har du spørsmål, ta kontakt.
Trivnad og glede for alle er målet til R.T. Håper du vil vere med å bidra til dette.
Velkomen til alle!

Helsing Rosendal T.L. Fotball
v/Arvid Nes