Invitasjon til Spar Haga Cup 2011

IL Trott har gleden av å invitere dykk til haustens store fortball begivenhet på Stord. Den populære Spar Haga turnering er i år utvida til også å inkludera gutar og jenter i 10 års klassen.


Det vil bli ein rein 7er turnering med følgande klassar.

  • Minijenter 10 år – MJ10
  • Minigutter 10 år – MG10
  • Småjenter 11 år – LJ11
  • Smgutter 11 år – LG11
  • Småjenter 12 år – LJ12
  • Småguter 12 år – LG12

Alle lag får minimum 4 kampar kvar, og alle kampane på ein dag. Me prøve å legga opp slik at lag som kjem langveis fra ikkje spelar kampar tidleg på dagen. Vidare vil me tistreba eit komprimert kampprogram, slik at ventetida blir redusert til eit minimum. Kampane blir 2 x 13 minutt. Fellesstart på kampane. Vanlege 7er reglar vert fulgde bortsett frå speletid på kampar. Alle spelarar får T-skjorte.

Kampar vil bli spelt på laurdag 10. september kl 10 til 18 og sundag 11. september kl 10 til 18. Me har kapasitet til 40 lag frå heile Sunnhordaland, Rogaland, Voss og Bergensområdet. Utanom kampane prøve me å leggja opp til ei fin sosial ramma for både born, trenarar og foreldre. Det ver mulighet for hoppeslott og hastighetsmålar. Sal av pølse, graut, kaker, brus, is etc. Om været tilet det blir det grilling ute. Sport 1 Stord vil ha stand begge dagane med mange gode tilbod.

Priser: Lagsavgift kun kr. 500 pr lag, ingen deltakeravgift, inkludert T-skjorte til spelarane.

Betalingsfrist er satt til 01. september. Husk å merke betalinga med lag. Kontonummer: 3520.07.19237. Påmelding er ikkje endeleg før betaling er utført. Betalinga merkes «Spar Haga cup 2011 + lagsnavn».

Velkommen til ei minnerik helg i Prestegardsskogen idrettspark på Stord i haust!

Påmeldingslink for Rosendal Turnlag: http://www.kxweb.no/portal/public/tournamentClubAdmin.do?siteId=41&key=264130570738775041