J-14 med solid bortesiger mot Solnut

10.september reiste Rosendal j-14 innover fjorden for å spela kamp mot Solnut, eit lag som kjempar om tredje plass på tabellen.


Rosendal tok raskt tak i kampen frå start, og kom til den eine sjangsen etter den andre. Gjekk likevel ei stund før vi fekk hol på byllen og Emilie styrte eit innlegg sikkert i mål. Putta to mål til før pause , men slapp og inn eit slik at det stod 3-1.

Hadde trua på at det ville løsne litt i 2. omg og at måla ville komme, og slik vart det. Gav oss ikkje før vi nådde tosifra antall, pluss vi hadde ein ball inne som alle bortsett frå dommaren såg. Slapp inn to litt lette baklengs slik at det enda 10-3 i favør Rosendal.

Spela ein svært god fyrste omgang heilt fram til avsluttingane av angrepa. Kun for lite besluttsomhet og presisjon i skuddforsøka hindra oss i å leia med minst det dobbelte. Dette kom seg litt i andre omgang, sjølv om det då vart litt meir soloprestasjonar når kampen gjekk mot slutt.

Alt i alt ein solid siger mot ein ganske bra motstander og stø kurs videre mot seriegull.

Målene kom ved: Amalie 4, Mari KL 2, Mari OF 2, Kristine og Emilie 1.

LK