J-99 på Etne-cup

SOMMARFERIE!!!!! Men berre frå skulen. Tida er inne for fotball på heiltid. I alle fall dei neste dagane. J-99 pakkar bagen med det som må til for ei helg i Etne med fotball, gutar, leik og moro. Det er eit positivt og sprudlande lag som denne helga er i Etne for å spela underhaldande og ikkje minst engasjerande fotball. Fyrste siger kjem allereie når vi i ein lang kø på ferjekaien i Matre blir vinka ut av køen og får kjøra fyrst på ferja, medan fleire bilar blir ståande igjen på kaien når ferjebommen går ned. Da lønnar seg å bestilla plass på førehand!


Vel framme i Etne blir vi losjert i ein flott barnehage! Her skal vi nok klara oss bra dei neste dagane, i alle fall nettene. Regnet har sitt at vi kjem, så det forlèt åstaden til fordel for kamplyst! No er vi klare for fyrste kamp på bane 16 mot Falkeid. Det er ikkje mange lag som kan stilla fulltalig tropp på cup, men det er ingen problem for denne gjengen. Og 2×15 min kan bli litt i kortaste laget for speleviljuge jenter. Men; vi unne alle å spela!

Fyrste kampen i cupar er alltid litt, ja kva skal ein sei; mange sommarfuglar frå Kvinnherad har i alle fall slått leir i magen til denne fargerike gjengen. Og det er tydlege at jentene er spente. Og sommarfuglane har nok litt overtaket dei fyrste minuttane av kampen. Men, med Cathrin og Sara i spissen, går Rosendalsjentene ut i hundre. Etter litt klabb og babb klarar likevel ein Falkeid-spelar å få ballen forbi vår gode keeper Stine. 0-1. Men frå her er det Rosendalsjentene som har overtaket og spelar til tider veldig god fotball. Det tek ikkje lang tid før vi utliknar! Ikkje mange lag kan stilla med eigen heiagjeng – beståande av eigne jenter. Og i spissen for heiagjengen går alltid lika sprudlande Hanne som gjer alt, både på banen og på sidelinja. Godt å ha jenter som støttar kvarandre!

Kampen endar til slutt 4-2, etter scoringar av Mari OF, Mari KL og Åshild. Vi har gjort oss fortent til mat no! Kva er vel cup utan litt flørting? Planane for kvelden blir kjapt lagt. No er det berre å håpa at Helge og Nina gjer oss lov til å vera litt lenge ute…. Mellom slaga med luftmadrassane blir det tid for litt dansing med nok ein gong Cathrin i spissen. Etter kvart viser det seg at mange av jentene har ”movsa” i orden, godt representert gjennom heile indre luten: Emilie frå Sundal, Mari KL frå Løfall, Cathrin frå Rosendal, Mari OF og Sara frå Seim, Åshild frå Omvikdal og sist men ikkje minst Solveig og Ingvill frå Uskedal. Keeper-Stine fann ein ny besteven i ”Hanen”. Det er ikkje å leggja skjul på at jenta med hanskane har andre ferdigheita enn berre godt grep om ballen. Her kan det bli nokre latterkuler gjennom helga. Jentene frå Matre, Kristine og Amalie, er travle jenter, og har allereie oppretta seg kontaktar. I lag med Hanne har dei tatt turen ut for å lodda stemninga for resten av kvelden.

Det er klart for kamp 2, fredag. Dette vil visa seg å vera ein av dei mest spennande kampane vi har vore vitne til på lenge! Kalandseid består av jenter som ikkje er redd for å gje alt og kan spela fotball. Sara og Kristine i forsvar har nok å gjera, men ryddar opp i alt, med god hjelp frå Solveig, Hanne og Mari OF, seinare Åshild, Ingvill, Amalie og Cathrin. Emilie og Mari KL sørgjer for fullt trøkk på topp og på eit kjempe skot av Mari KL tek Rosendal leiinga! Jentene jobbar knallhard, men etter kampen står det likevel 1-1 i målprotokollen! Kjempebra kamp med mykje spenning, arbeidsvilje, pågangsmot og god fotball!

Underteikna måtte her takka for seg, men informasjon som er kome i hende viser at jentene våre har gjort to kanonkampar laurdag òg. Mot Vard måtte dei sjå seg slått av Vard, sjølv om infoen seier at jentene jobba godt, skapte mange målsjansar og hadde overtaket heile andre omgong. Revansjen kom seinare på kvelden, då dei slo Stord Hystad (som sjølvsagt må slåast) 3-0 etter mål av Emilie og Mari KL. Dette var òg ein lagsiger der alle spela kjempebra.

Vi gler oss til å høyra resultatet frå siste kamp i morgon. For dei her heima som har lyst å sjå meir til jentene (og gutane) til RTL, er det berre å stilla på fotballskule måndag morgonJ

Hildegunn