J02 (12 år) med ein god start på haustsesongen.

Først slo vi eit av Trio-laga 3-2 på heimebane i 1. kamp. I kveld var det bortekamp mot det andre Trio-laget. Dei fekk ha med ei overårig (01) og veldig god jenta, som bl.a. stod bak 1-0 leiing til Trio-jentene i det 24. minutt, og som stod seg til pause.Peptalk i pausen med fortsatt fokus på innsats og jobba for kvarandre, der vi var fornøyd med innsatsen så langt og hadde god tru på at vi fortsatt kunne vinna kampen. Jentene viste igjen ein fantastisk lagmoral og innsats over heile banen. Etter 10 min. gjorde  Ina eit godt forarbeid der ho drog seg elegant forbi på høgrekanten, løfta blikket og slo ein glimrande pasning til Alette framføre mål, som fekk ein fot på ballen og vi utlikna til 1-1. Kampen bølgja fram og tilbake der begge lag viste at dei ville vinna dette prestisje oppgjeret.

Etter 19 min. viste Annika stor vinnarvilje der ho kriga seg gjennom forsvaret og etter skot på ein god Trio-keeper, klarte å setta returen kontant i nota til 2-1 med  11 min. igjen å spela. Jentene viste solid defensiv disiplin dei siste 10 min. og kunne jubla etter ein veldig bra gjennomført kamp.

Dei som var med i dag: May Beate Brakstad (knallgod keeper), Marte Bøyum, Martha Hjelmeland, Alette Mehl, Eli Omvik, Annika Øye Guddal, Eline Flatland, Lisa Jonetta Ølvestveit, Ina T. Sandvik (o3) og Lene O. Furdal (03).

Yngve

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.