J02 (12 år) tok imot Odda på kunsten tysdag kveld

Denne kampen bar preg av to lag som var ganske likt og godt defensivt organisert. Heile kampen blei ein jamn batalje og stillingskrig der begge lag kunne ha vunne. Jentene viser igjen ein god eigenskap og klarer å vinna slike kamper. Vi tettar igjen bak, står på gjennom heile kampen, klarer å ha eit lite overtak der vi etablerer mest spel på rett banehalvdel og dermed vinn vi fortent 1-0 etter scoring i det 25.min. i 1.omg.Lisa Jonetta slår ein perfekt corner (passe hardt og godt plassert), der Annika er tøff i duellspelet og  først på ballen som endelig suser i mål. Fleire mål blei det ikkje i denne kampen der begge lag hadde sine sjansar, men som også var gode i forsvarsspelet med matchvinnere i to gode målmenn. May Beate hadde fleire avgjerande redningar aleine med spissane til Odda, og spela igjen ein veldig god kamp som siste skanse. No har jentene vunne tre av tre kamper så langt i haustsesongen, og dei har vist god utvikling på mange områder.

Yngve

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

7 + 3 =

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.