J02/03 på Trio cup og Trykkeri cup

Etter ein veldig lang vinterdvale våkna jentene til igjen og fekk to inne-treningar før dei imponerte med mykje godt spel på desse cupane. På Trio cupen 3.mars spela jentene tre kampar på rad (sidan vi stilte med eit lag i staden for to som var påmeldt). Uten pauser mellom desse kampane klarte jentene alikevel å spela uavgjort (0-0, 0-0 og 1-1) mot Halsnøy og to Trio lag, som fekk kvilt seg mellom slaga.


Faktisk så hadde jentene våre eit visst overtak i desse kampane med flest målsjansar. At det blei nokre knepne tap i dei siste kampane mot dei samme motstandarlaga, var ikkje anna enn forventa når dei hadde så korte  pausar mellom kampane som det blei for dei i dag (i motsetning til dei andre laga som hadde mykje meir tid til å ta seg inn igjen mellom slaga). Det var ein imponerande innsats som blei lagt for dagen, med mykje bra spel. Målscorarar i Husneshallen var Ina (1), Marta (1) og Annika (1). Jentene som var med på Trio cupen var: Dina, Marta , Marte, Eline, Lene, Eli, Ina og Annika.

Helga etterpå (9 mars) var jentene i full gong igjen med ein tropp på 9 stk (May Beate, Marte, Marta, Lene, Ina, Guro, Annika, Eline og Marika) inne i Oddahallen på Trykkeri cup. Dei fortsatte med eit sprudlande engasjement og stor innnsats, og med gode pausar mellom kampane denne gongen så tok kreftene aldri slutt, og det enda med at jentene vant alle tre kampane sine etter mykje godt samspel og stor innsats. Første kampen blei det 4-0 over Røldal etter scoringer av Guro (1) og Annika (3-hattrick). Andre kampen blei det 2-0 over Solnut etter scoringer av Marta (1) og Ina (1). (I tillegg hadde Lene to stolpeskudd).  I tredje kampen mot Odda blei det seier 2-1 etter scoringer av Guro (1) og Annika (1).