J13 7er Harding-Rosendal/Uskedalen: 2-2
Vi var veldig forberedt på at dette kunne bli ein jevn og tøff kamp då vi ikkje hadde med nokon av dei beste frå 9er laget til denne kampen. Uavgjort og 1 poeng kan vi vera middels fornøyd med. Vi burde vunne med litt bedre fokus både framme og bak (burde scora fleire og noko unødvendige baklengs i dag). Men det var samtidig viktig at vi klarer å utligna to gonger etter å ha komt bakpå både 0-1 og 1-2. Med det fekk vi i alle fall med oss det eina poenget som gjer at 7er laget fortsatt er i føringa med eit poeng framføre Jondal. Dei som var med i dag var: May Beate, Lisa Jonetta, Martha, Helene, Caroline, Guro, Eline, Ina, Alette og Andrea.
Vi burde tatt føringa allerede etter 3 min då Ina var aleine med keeper og skaut i stolpen. I staden var det Harding som tok føringa etter 30 min. då dei sprang litt for lett gjennom forsvaret vårt. Like etter avspark var det vår tur og Ina lot seg ikkje be to gonger då hun var gjennom aleina med keeper: 1-1 etter 31 min. som stod seg til pause.
Harding tok igjen føringa etter 4 min då vi igjen var litt for unøyaktige i forsvarsspelet vårt. Ina som var spiss i dag, fekk balanse i regnskapet igjen med ein god prestasjon i det 15.min. Vi hadde klart flest sjanser og mest av banespelet, men mangla dei små marginane for å avgjera til vår fordel. Alt i alt ein nyttig erfaring og viktig å få med oss eit avgjerande poeng som gjer at vi fortsatt leder pulja.
Yngve