J13 9er Rosendal/Uskedalen-Trio: 3-0

20150917_195030
To gode lag med mange sterke og gode enkeltspelara, som i tillegg speka klokt med god defensiv organisering samtidig som begge lag prøvde å spela god fotball langs bakken. 1.omg. var ganske jamnspelt med eit lite overtak til R/U. Ina var våken og god like før pause og satte 1-0 etter eit noko uheldig utspel frå keeper.

Etter 10 min. i 2.omg. var Ina god med press på fors.spelar og fekk ei tå på ballen før keeper fekk klarert. 2-0 var fortjent etter overtak, sjølv om det  var unødvendige baklengs frå Trio sin del. R/ U hadde klart mest av banespelet og vant fortjent 3-0 etter nydelig scoring 2 min. før slutt, då Lene slo knallhardt innlegg frå venstre som Thea var tøff nok til å headda rett i  nota.

Triojentene gav oss god motstand lenge, men etterkvart tok vi meir og meir over i lange perioder. Kjekt med god motstand og Trio vil nok by oss på mange tøffe tak framover også. Kvinnherad har utrulig mange flinke jenter i denne årsklassen. Det er bra !!

Yngve

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

17 − 9 =

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.