J13 9er Trio 2-Rosendal/Uskedalen: 1-2

Kampen i dag var jamn der ingen av laga kom til dei store målsjansane før heilt i slutten av 1.omg. Det var Trio jentene som i det 30.min. tok føringa på eit noko uventa og heldig langskudd, som gjekk via ein fot av våre eigne jenter. Så etter 33 min. kom dagens høgdepunkt og største prestasjon. Ina gjorde absolutt alt på eigenhånd. Braut frå motspelar på eigen banehalvdel, satte fart, skar elegant inn rett foran triojenta, og framme med keeper var det bare å putta i kjent Ina-stil. 1-1 til pause og vi gjorde ein del grep for å få større offensivt trykk. Resultatet kom allerede etter 8 min. Guro som nettopp var bytta inn igjen var sist på ballen, med eit skudd som fleire av medspelarane bare kontrollerte over streken. Fortjent 2-1 leiing som vi heldt heilt inn. Litt vanskelige vindforhold, men til tider ein del bra spel alikevel. Bra jobba jenter !! 😉