J13 9er Trio 2-Rosendal/Uskedalen: 1-5
I det 17 min. kom Guro på eit av mange gode løp, fyrte av i fart frå langt hold i motsatt kryss, og med eit fantastisk mål gjekk vi til pause med 1-0 leiing. Trio kom raskt inn i kampen igjen då dei fekk eit tidlig og heldig mål etter 4 min. i 2.omg. Keeper blei heilt blenda av den ellers greie sola. No var det bra trøkk frå ein stor heiagjeng til Trio jentene, men så blei det brått litt stillare frå tribunen i det 7 min. Annika braut godt i midten og slo langpasning til Martha på venstrekanten, som fyrte av med venstreslegga i stolpen via keeper og til 2-1.
Etter dette tok vi bare meir og meir over med raskt og godt angrepsspel. May Beate fyrte av langskudd mot krysset som keeper fekk slått til corner. Deretter hadde Sigrid skudd like over, før både Lene og Guro hadde skudd som gjekk frå stolpe til stolpe og ut. Men på siste skuddet var Martha der og satte returen inn til 3-1. Dei siste 7 min. var det endelig Ina som fekk uttelling to gonger, først på retur der ho putta enkelt, deretter avslutta ho scorings showet med ein flott vending rundt jenta ho hadde tett i ryggen heile kampen, sprang i frå og klinte ballen nede ved stolperota.Trio vart rett og slett knust av eit klart bedre lag i dag. Jentene kunne igjen feira med den etterkvart så velkjente seiersdansen, etter overbevisande spel og seier, der jentene viste at dei fortsatt har utvikla seg veldig bra.