J13 kampar

Fredag 12.juni spelte 9er laget mot Trio 2. Jentene tok føringa tidlig i 1.omg. etter skudd frå Hanna. Triojentene klarte å utligna etter 4 min. i 2.omg. då vi var noko uheldige med skada spelar som ikkje vart bytta raskt nok, og det blei rom for Triojentene til å springa igjennom. 1-1 og uavgjort i siste vårkamp. Trio-jentene jubla nok mest etter kampen, for endelig å klara å ta poeng mot oss. Dermed blei det 6 seiere, 1 uavgjort og eit tap for 9er laget etter vårsesongen. Med tanke på at det er ei knallhard pulja med svært gode og jevne lag, så må vi sei oss godt fornøyd med innsatsen så langt.

7er lag. Lørdag 13.juni hadde 7er laget sin siste kamp heima mot Harding. Dette blei og ein veldig jevn og spennande kamp med to godt organiserte lag. 0-0 til pause etter at vi hadde dei største og fleste sjansane. Vi hadde eit visst overtak og fekk ein del cornera. Etter 7 min slo Sigrid god corner som gjekk via keeper og i mål til 1-0 som blei sluttresultatet. Den etterkvart så velkjente seiersdansen med påfølgande bad i sjøen var ein kjekk avslutning på vårsesongen. Det har blitt 4 seiere, ein uavgjort og eit tap for 7er laget, som vi må sei oss godt fornøyd med.

No blir det straks Eidfjord cup og deretter sesongens høgdepunkt: Norway cup !!

Yngve

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.