J13 Rosendal/Uskedalen-Halsnøy 1-0

To svært gode lag som begge ville vinna for å ta føringa i pulja. Med to lag som er såpass godt organisert blir det ofte ikkje så mange mål. Vi fekk det einaste målet i kampen etter 16 min. i 1.omg. og tok med det føringa i pulja. Hanna som var spiss i dag scora etter eit bra løp gjennom eit godt Halsnøy-forsvar. Etter det hadde vi hovedfokus på å angripa med fornuftig og noko redusert risiko. Halsnøy hadde naturlig nok eit visst press på oss i sluttminuttane, men vi drog i land ein fortent seier totalt sett. Kjekt å sjå jentene dansa og syngja seierssang etter ein knallhard slitekamp 😉
Yngve