J13 Rosendal/Uskedalen-Odda: 4-0

imageVi har fått ein ny utfordring etterkvart jobba med å ikkje undervurdera motstandere, etter at vi vinn berre meir og meir. Det er ikkje den verste utfordringen vi kan ha, men det kan alikevel vera krevande.

Odda var igjen totalt sjanselause mot våre løpssterke jenter. Jentene følgte igjen planen godt med bl.a. å komma rundt på kantene. 3 av 4 mål kom nettopp etter assister frå kantene. 1-0 etter flott innlegg frå Ina som Thea tok på direkten i det 9.min. Ina på topp sprang gjennom i midten i det 20.min. og fyrte ballen sikkert i mål til 2-0 som blei pauseresultatet.

3-0 kom etter 6 min. i 2.omg. etter flott samhandling og mange trekk. Marte legg støttepasning til Thea som bakerste slår på direkten til Hanna på høgrekanten.Ho tar med seg ballen og slår hardt og presist innlegg som Ina er god til å angripa på direkten før både keeper og forsvar klarer å klarera.

Veldig bra og effektivt angrepsspel der alle dei andre jentene også bidrar med rette bevegelser og posisjonering. Som tatt ut av læreboka !!
Etter 17 min. ruller vi opp på venstre sida der Hanna speler Guro gjennom og dermed blir sluttres. satt til 4-0. Alle 14 stk. fekk spela mykje og alle bidrog godt til at Odda som har mange gode enkeltspelarar, ikkje fekk til ein einaste farlig målsjanse i dag heller. Jentene er modne for tøffere motstand på 1.div.nivå no.

Yngve

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

13 − 1 =

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.