J13 Rosendal/Uskedalen-Odda (9er)

Torsdag kveld tok vi imot eit godt Odda lag på kunsten til første seriekamp for sesongen. Vi stilte med 13 jenter til denne kampen: May Beate, Lisa Jonetta, Camilla, Amalie, Ida Marie, Sigrid, Eli, Lene, Marte, Hanna, Annika, Ina og Thea. To gode lag med mange gode spelarar.

Vi hadde fokus på defensiv organisering med knallhard jobbing for kvarandre, med rask omstilling mellom forsvarsarbeid til angrepsfotball osv..Jentene klarte å demma godt opp for Odda jentene, og då vi fekk eit visst overtak i spelet fekk vi naturlig nok fleire dødballer. Vi fekk betalt for arbeidet vi har lagt ned på dødballer og scora både 1-0 og 2-0 på nettopp innøvde cornera. Sigrid slo corner perfekt som Hanna knalla bra i mål til 1-0 etter 6 min.

2-0 kom etter at Sigrid slo god corner via keeper rett i mål etter 14 min. Resultatet sto seg til pause. I 2.omgangen fortsatte jentene med å villa mest og produserte mange store målsjansar og heldt Odda keeperen varm gjennom heile kampen. Etter vel mange stang ut kom endelig punktering av kampen etter 24 min., då Amalie fyrte av eit knallskudd som gjekk via keeper og tverrlegger og ned på strek, før Lene var frampå på returen og dundra ballen i nett-taket til 3-0.

Odda fekk sitt trøstemål til 3-1etter 33 min. etter ein noko uheldig glipp av keeper som elles stod glimrande. Kjekt med 3 poeng og solid gjennomføring allereie i første kamp, mot eit veldig bra Odda lag. Jentene viste at dei takla overgangen til 9er fotball veldig bra.

Yngve

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

sixteen + 12 =

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.